fbpx

03. feb KLYPA SHOW

Klypa-showet “Med prostata mot stjernene” gjorde stor suksess i Bergen sist haust. Etter utallige oppfordringar er det klart for Kjellen og Klypa I Nord Norge
 
Klypa og Kjell “Kjellen” Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut sitt humorshow . Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit oppgjer med det moderne liv i beste Klypa stil. Gjennom auga til Kjellen får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil dei fleste kjenne seg att. Vi får møte livssnyltaren Palle, saman med eit par nye ansikt i Klypa-universet.
 
Thomas Ryste har denne gong fått med seg Ørjan Liavåg som sparringpartner. Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har vorte allemannseige landet rundt i ei årrekke, og ein sikker vinnar i sosiale media. Over heile landet tek folk seg ein liten pause og ein god latter når Klypa-Kjellen legg ut nye sprell på nettet. I Klypa-showet “Med Prostata Mot Stjernene”, i Nord Norge , kan du gjere deg klar for nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form! Rett og slett Meeeeget oppegåande!
 
ORDINÆR 400,- + Avgift
Showstart kl 19:00 , dørene åpner 18:00
Varighet: 1 time og 30 minutt uten pause
Billetter kjøpes på Hoopla.no 
Aldersgrense: fri alder